Østhavet
4 minutter lesetid

Beltebilen – ein viktig del av kulturarven vår

Beltebilen har vore eit viktig framkomstmiddel i Noreg, særleg i snørike område og på utilgjengelege strekningar i høgfjellet. Dette er ein viktig del av vår nasjonale kulturarv, som må takast vare på gjennom aktiv bruk.

Saken fortsetter etter annonsen
ANNONSE

Frå dei første beltedrivne kjøretøya tidleg på 1900-talet til dei ikoniske Bombardier Muskeg – og Snow-Trac-modellane, har desse farkostane vore uunnverlege for transport av folk og varer i krevjande vinterlandskap. Dei har vore nytta av alt frå post- og helsevesen til forsvar, industri og reiseliv. Dei har såleis spelt ei viktig rolle i utviklinga av mange lokalsamfunn.

Vinteren 1953 låg Edmund Hillary i Leirvassbu og testa Ferguson TE20 traktorar som vart nytta under samveldets trans-antarktiske ekspedisjon i 1955. Dei kryssa det antarktiske kontinent og var den fyrste ekspedisjonen som nådde Sørpolen sidan Amundsen og Scott i 1911.

Mange beltebilar har stor kulturhistorisk verdi. Denne kulturarven må takast vare på slik som bygningar og fartøy.

Beltebilar kan køyre i terreng der vanlege hjuldrevne bilar ikkje kjem fram, som i djup snø, myr, sand eller på islagde flater. Dei er framleis viktige i mange arktiske og utilgjengelege område

I dag er mange av desse historiske beltebilane i ferd med å forsvinne. Slitasje, mangel på reservedelar og høge vedlikehaldskostnader gjer at dei ofte blir sette til side. Men heldigvis finst det moglegheiter for å bevare desse viktige delane av vår transporthistorie.

For eigarar av eldre beltebilar som ønskjer å sette dei i stand, kan Kulturminnefondet vere ei moglegheit. Kulturminnefondet gjev støtte til private eigarar av verneverdige kulturminne, inkludert historiske køyretøy, for å sikre at desse kan takast vare på og brukast i framtida.

Som i alt anna bevaringsarbeid er det viktig med ein aktiv bruk av kulturminne som vert sett i stand. Dersom bruken vert borte, misser vi handlingsboren kunnskap som det er umogleg å erstatte.

Saken fortsetter etter annonsen
ANNONSE

Dersom du har ein eldre beltebil som treng restaurering, kan du søkje om støtte til tiltak som:

  • Reparasjon av motor og drivverk
  • Rekonstruksjon av originale delar
  • Bevaring av historiske fargar og merking
  • Dokumentasjon og formidling av beltebilens historie

For å få støtte er det viktig at beltebilen har historisk verdi og blir sett på som eit kulturminne. Det kan vere lurt å dokumentere bilens historie, tidlegare bruk og kvifor den er viktig å bevare.

Å ta vare på ein beltebil handlar ikkje berre om nostalgi – det er ein måte å sikre at komande generasjonar kan oppleve og lære om korleis folk i Noreg før i tida tok seg fram i krevjande terreng. Restaurerte beltebilar kan brukast til alt frå museum og arrangement til praktisk bruk ved historiske transportløysingar.

Har du ein gammal beltebil og ønskjer støtte til istandsetting? Sjekk ut www.kulturminnefondet.no for meir informasjon om søknadsprosessen.

Det er ingen søknadsfrist og vi handsamar søknadane etter kvart som dei kjem inn.

Saman kan vi ta vare på denne viktige delen av norsk transporthistorie!


Simen Bjørgen, direktør i Norsk kulturminnefond