Kvifor måtte militæret flytte frå Andøya til Evenes?
Vi har aldri fått eit svar. Ansvarlege politiske styresmakter oppfører seg som om dei veit noko som dei ikkje har fått lov til å fortelje oss. Er det verkeleg rett?
Kvifor måtte militæret flytte frå Bodø til Ørlandet?
Vi har aldri fått eit fornuftig svar. Det har blitt spekulert på om det kan ha vore eit ledd i ein slags hestehandel for å blidgjere russarane, før dei gjekk med på å fastsette ei ny grense i Barentshavet. Kan det vere heilt andre grunnar?
Kvifor måtte Norge kjøpe F-35 krigsfly?
Vi har aldri fått eit klokt svar. Svenskane kunne ha utstyrt oss med fly for ein langt billigare penge. Dei gamle flya har vore fornya før, og dei kunne garantert ha vorte fornya på nytt – viss det hadde hatt noko føremål. Kvifor ikkje andre fly, eller ingen fly? Treng vi krigsfly?
Kvifor let vi oss stadig lure av dei militære?
Har politikarane våre forstand på dei militære vurderingane som ligg til grunn for flyttinga frå Andøya til Evenes, flyttinga frå Bodø til Ørlandet og valet av krigsfly? Det veit vi ikkje, så lenge dei ikkje vil dele med oss kva dei veit om kvifor avgjerdene blir som dei blir.
Blir politikarane våre innvigde i desse og andre militære vurderingar? Det veit vi heller ikkje, men viss vi legg til grunn at politikarane ikkje har greie på dei militære vurderingane, så kan vi like godt rekne med at politikarane ikkje ein gong får vite om kva som er vurdert.
Det er berre slik. Det kunne dei like godt ha svart, når vi spør om grunngjevinga.
Er det sikkert at det er militær strategisk tenking som ligg til grunn for alle desse omstridde militære vala? Kan det like godt hende at dei norske militære har heilt andre og meir «sivile» grunnar for sine avgjerder? Kan det hende at dei gongane det er «militær» tankegang som ligg til grunn, så er han utforma av Nato; det vil seie USA?
Det kan ikkje lenger vere tvil om at USA stod bak valet av dei nye krigsflya som Norge kjøper frå USA. Kvifor måtte Norge kjøpe nye krigsfly? Hadde vi noko val? Nei, den avgjerda var det USA som tok, akkurat som at USA avgjorde kva for nye overvakingsfly som skal til Evenes. Dei gamle flya er framleis gode.
USA kunne ikkje gå med på at Norge skulle kjøpe svenske krigsfly. For det første måtte vi handle med krigsindustrien i USA. Det er ein del av USA sin krigsstrategi. For det andre valde USA krigsfly som passa inn i atomvåpenprogrammet sitt. Norge tok ikkje avgjerda. Norge tar rekninga.
På den eine sida kan det ha vore Jens Stoltenberg sitt val å flytte militæret frå Bodø til Ørlandet, og med det lenger vekk frå Russland, slik at han lettare fekk ei løysing på grensetvisten i Barentshavet. Hadde det samanheng med at han seinare vart generalsekretær i Nato?
På den andre sida kan det ha vore eit ledd i USA sin plan for å plassere dei støyande nye krigsflya på Ørlandet. Dei kunne ikkje ha tilhald midt inne i byen Bodø. Og kan det ha vore andre grunnar til flyttinga?
Eitt er i alle fall sikkert: Militæret hadde ingen vanskar med å tilfredsstille dei misnøgde offiserane som ikkje ville flytte frå byen i Bodø til bygda på Ørlandet. Dei fekk eiga daglege flyruter mellom Bodø og Ørlandet. Betalt arbeidsreise er det ikkje mange som får. Dei militære får det.
Her må eg skyte inn at i mange år hadde militæret sine eigne flyruter ut frå Kirkenes og til stadar langs Finnmarkskysten med militære anlegg. Rutene gjekk med leigde fly frå sivile flyselskap. Betalte arbeidsreiser der òg – for dei som ikkje ville bu i utkantane av Finnmark, men heller i subsidierte militære husvære andre stadar.
No har regjeringa funne pengar til å ruste opp militære bustadar. Kor mange studentar med dårlege butilhøve får rusta opp gratis husværet i utdanningstida, eller alternativt dekt dagleg pendling mellom heim og studiestad, på militært vis?
Kan det vere at han hadde rett, journalisten frå Andøya som ikkje kunne sjå nokon fornuftige grunnar til å flytte militæret frå Andøya til Evenes, men som likevel fann ei mogeleg forklaring?
Måtte militæret på Andøya bli lagt ned og flytta til Evenes, berre fordi det var lettare for offiserane å pendle mellom heim nært Gardermoen og militærleir på Evenes, enn å pendle til og frå utkanten Andenes? Det var hypotesen til journalisten frå Andøya.
Det står mange tomme hus i den militære gettoen på Andenes. Andenes og Andøya har aldri vore av dei mest attraktive bustadane for militære offiserar. Mellom slike fine folk blir militære utkantar helst sett på som noko som liknar på ein oljerigg ute i havet eller ei kortvarig anleggsleir ein stad i ødemarka. Dei kan godt jobbe der, men helst ikkje bu der. Og skal dei bu der, så skal dei heim etter kvar vakt eller etter turnus.
Viss det viser seg at forklaringa er så «sivil», men likevel så usivilisert, så er det alvorleg, og god grunn til å få ut all sanning om kvifor det vart til at militæret måtte flytte frå Andøya til Evenes, og kven som har stått bak avgjerda om å brenne opp milliardar berre for lyst.
Nokon har meint at etter dei norske militære kjem USA til å ta over på Andøya. Då skal vi vere klar over at USA har vore på Andøya i mange ti-år etter andre verdskrigen og i Nato-tida. Dei har vore på øvingar. Dei har tatt del i overvaking frå fly, og overvaking med lyttekabel ute i Norskehavet. Dei har vore der i grenselandet mellom landjorda og verdsrommet, under dekke av å forske i verdsrommet. Dei veit best sjølve kva dei har halde på med.
Andøy-samfunnet skal passa seg så dei ikkje vaknar ein dag og finn at USA har rigga seg til med meir enn andværingane vil like. Dei kan berre sjå til Vardø og USA sine radaranlegg med namnet Globus. Vardø-samfunnet har ikkje lenger herredømme over kva USA held på med der. Ikkje ein gong hotellet i byen er tilgjengeleg for det sivile samfunnet. Andøya kan bli eit bombemål i like stor grad som Vardø, sjølv etter at militæret har flytta frå Andøya til Evenes.
Eg trur ikkje det minste på at tidlegare leiar i utanrikskomiteen på Stortinget, no utanriksminister Anniken Huitfeldt frå Ap, har meir forstand på militære og strategiske val enn det eg har. Ho er berre valt til å hevde at ho har det, for ho har ei inngrodd haldning som ein hauk i militære spørsmål – ikkje ei due. Ho har alltid vridd seg unna å svare opent og klokt om militære saker. Det gjeld også spørsmåla om Andøya.
Ikkje trur eg at Sp sin Odd Roger Enoksen frå Andøya er betre rusta til å vere militærminister enn det eg er. Etter landbruksskolen dreiv han gard og produserte torv. Han var lenge på Stortinget og i regjering, men aldri i militær politikk. Rakettdirektør vart han på Andøya, og i det siste har han hatt tett samarbeid med USA om utviding av rakettbasen.
Kloss innpå valnatta vart Enoksen overraskande først smurt med millionar til rakettbasen sin, før han vart knebla med å bli utnemnt til entusiastisk minister for krig og elende – alltid i USA-regi. Dermed kjem det ikkje eitt vettig ord ut av han om flyttinga av militæret frå Andøya til Evenes.
Eg veit om ein militær-entusiast til som har sine røter i Vesterålen; ein frå Sortland. Han er mest kjent for å uttale seg som ein breiflabb i alle slags militære debattar – også om flyttinga av militæret frå Andøya til Evenes. Det er Høgre-politikaren Hårek Elvenes.
Kva er det som skulle kvalifisere Hårek Elvenes til å delta i debatten? Han kjem frå periferien av det militære. Men militæret har fått han inn på utplassering i den militære komiteen på Stortinget, og som Høgre sin militær-politiske talsmann. Han er ingeniørutdanna i militæret – for alt det eg veit kan han ha fagbrev som tømrar. Han har yrkeserfaring mellom anna frå eigedomssal, men òg frå militær eigedom og byggfag. Den militære bygningsmassen på Evenes har han likevel ikkje klart å få skikk på, og fornuftig forklaring på flyttinga har han ikkje gjeve.
Sjefen over alle sjefar, statsminister Jonas Gahr Støre, er ikkje verken flygar eller utøvande militær. Han steig berre ein gong opp i gradene til fenrik på havet. Flykaptein Per Gunnar Stensvaag fortel om den gongen han inviterte passasjeren Støre inn i styrehuset på det største av alle SAS-fly; ein gong han flaug over Atlanterhavet.
Stensvaag og styrmannen diskuterte Andøya med Støre, og dei forklarte han at det fantes ikkje gode grunnar for å flytte militære fly frå Andøya til Evenes, og at dei som hadde tatt avgjerda tok feil. «Trur de at dei er dumme då», spurte Støre flygarane. «Trur du at vi er dumme?» svarte flygarane. Støre vart taus. Eg trur ikkje at Støre heller kjenner grunnen til det militære standpunktet.
No har eg diskvalifisert så mange, så no må eg finne ei motvekt. Det finst eit menneske mellom dei militære som veit kva han uttalar seg om. Tormod Heier er oberstløytnant, men han er òg professor hos militæret. Doktorgraden sin har han i statsvitskap frå Universitetet i Oslo. Suverene Heier veit meir enn korleis han skal pusse sko og knappar, og om å strekke laken på senga.
Eg veit ikkje om at nokon har spurt Tormod Heier kva han meiner om flyttinga av militæret frå Andøya til Evenes. Ofte er han kritisk og negativ til mykje av det som militæret finn på. Skulle han ha blitt spurt, så vil han ikkje svare utan å finne godt grunnlag for svaret sitt. Det kan vere at Heier er den einaste som greier å avsløre grunnlaget for avgjerda om å flytte militæret frå Andøya til Evenes.
Til nokon kan bevise noko anna, vil eg la dette stå som einaste sannsynlege grunn til at militæret blir flytta frå Andøya til Evenes:
Dei militære offiserane vil ikkje lenger bu og arbeide på den forblåste Andøya – eller så er det kjerringane deira som vil flytte.
Men om nokon trur at dei militære kjem til å slå rot og bli bufaste på Evenes, så må dei tru ein gong til. Flyttinga til Evenes kjem berre til å gje grunnlag for eit nytt tidleg fly frå Gardermoen til Evenes, med retur til Gardermoen før middag.
Tek eg feil, så får nokon ansvarlege fortelle meg sanninga, og dokumentere at ikkje milliardane våre går til militære offiserar sin velferd berre for lyst.
Av Terje Albregtsen