Morten Strøksnes skriv i Dag og Tid (nr 6) om Finnmark i flammar, eit fantastisk tilbakeblikk og oppsummering av denne tragedien. Jammen på tide med ein opplysande artikkel om dette.
Hausten 1944 blei alt brent, grunnmurane sprengde og jamna med lorda. Folket blei jaga på flukt på havet, med dei båtane dei hadde. Vegen disponerte tyskarane for evakuering av sine våpen, sitt utstyr og dei tusenvis av russiske fangar som ennå var i live, og som dei nå dreiv føre seg som kveg.
Dei norske flyktningane hadde mista alt. Dei blei nå spreidde over heile landet, nokre også til min kommune. Då freden kom året etter, hadde dei ingenting å reisa tilbake til. Som Strøksnes nemner, overhøyrde eg óg mange negative merknader om våre landsmenn frå nord. Dei blei karakteriserte som både «late og trulause». Slikt stilte eg meg allereie då tvilande til. Som seinare lærar i Troms og Finnmark fekk eg «syn for segn». Eg kom til eit vennleg, gjestfritt og inkluderande folk eg seinare hadde vanskar med å skiljast frå. Eit stolt folk som bar det dei hadde vore gjennom med storsinn.
Ingen fylke i sør har så rike naturressursar som Nordland, Troms og Finnmark. Trass i dette har det misvisande vore framstelt som at nordlendingane har levd på subsidiar frå sør. Like til oljintektene gjorde seg gjeldande kring 1980, stod fisken for ca. 80% av norsk eksport.
Det er framleis proklamert at denne fisken er folkets eigedom. Derfor er det så usigeleg trist å vera vitne til kor vandalistisk våre myndigheter har styrt norsk fiskeripolitikk. Og endå prøver dei å innbilla det norske folk at fiskeripolitikken er vellukka.
Det gjekk rimeleg bra så lenge det var nok fisk og fritt fiske. Men då fiskeflåten blei for talrik og effektiv, måtte det innførast kvotar for dei store trålarane. Kvotar som etter kvart blei attraktive.
Det var då fristelsen blei for stor: Ein trålreiar som ville slutta selde bruk og båt, for ca 14 millionar kroner. Folk lurte på kvifor båten framleis blei liggjande ved seljars kai; til det kom for ein dag at seljar hadde kjøpt båten attende utan kvote, for ca 8 millionar kroner. Kjøpar hadde ikkje bruk for båt, det hadde han sjølv. Dette stod å lesa i bladet Fiskaren.
Trålreiaren hadde tydelegvis selt den verdfulle kvoten han hadde til låns av fellesskapet det norske folk, utan at norske myndigheter greip inn.
Alle veit at me har ikkje lov å selja det me har lånt. Dette er uhøyrt. Dette er eit ran som har fått katastrofale fylgjer for heile kysten. Aller mest for Finnmark og Troms, kor store fiskeressursar er selde ut av landsdelen. Det kan ikkje vera slik at ekstra store ran kan kvitvaskast og bli gjeldande lov. Desse kvotekjøpa har også fordyra fisken kollosalt for oss alle.
Trålfiske er ein s æ r d e l e s lite miljøvennleg måte å fanga fisk på, og den desidert dyraste. Trålaren treng omlag fem gonger så mykje fisk pr arbeidsplass som det sjarken treng.
I 1974 skriv Finnmark Unge Høgre i bladet Nordlys:
«Fisket vil også i framtida danne grunnlaget for opprettholdelsen av bosetningen i kystdistriktene. FUH mener på denne bakgrunn at regjeringen nå må fremme effektive tiltak for å verne fiskeressursene. Vi vil her foreslå at all trålvirksomhet blir nedtrappet innenfor en fremtidig 200-mils-sone. Som et umiddelbart tiltak bør man avslå alle nye konsesjonssøknader, og kun i svært begrenset omfang gi tillatelse til fornying av gamle trålfartøyer.»
I 2008 skriv bladet Fiskaren:
«En rapport fra FN-organisasjonen UNEP (United Nations Environmental Programme) IN DEAD WATER beskriver bunntrålfiske som den mest destruktive fiskemetode som finnes. Trålingen karakteriseres av forskere som den største trusselen mot det biologiske mangfoldet i havet, skriver bladet Vesterålen. Rapporten anbefaler overfor FNs generalforsamling et globalt forbud mot tråling.»
I mars 2021 ein ny oppsiktsvekkjande studie, publisert i Nature, som har rekna ut at utsleppa av CO2 frå botntråling rundt om i verden, er like høge som utsleppa frå heile verdens flytrafikk. Havbotnen er verdens største karbonlager. Når dei digre tråldørene og trålposen pløyer botnen, blir det frigitt enorme mengder CO2. 26 marinbiologar, klimaforskarar og økonomar står bak studien.
Det finst rev på havbotnen (som biotopar på land). I desse reva er det fisken har sitt leveområde, sine «hus». Me kan jo berre tenkja kor det hadde vore om ein slik trål hadde vorte dregen gjennom vår fauna på land. Dette er sårbare saker. Botnen blir pløygd og harva, «husa» øydelagde,
yngel og småfisk drepne. Revet treng tiarar eller hundrar av år på å bli oppbygt att. Fisken som blir fanga i desse oppvekstområda/barnehagen til fisken, er berre vel halvparten så stor som den fisken sjarken tek under kysten når han kjem inn for gyting.
Den store havgåande flåten disponerar i dag omlag halvparten av norsk fisk. Godt som all fisken dei tek, blir frosen og levert direkte til bearbeiding i utlandet, til ein høgare kilopris enn det sjarkfiskarane får. Desse fiskarane har knapt bruk for vår kyst. Det må etter kvart bli klårt for alle at det må koma eit globalt forbod mot tråling. Hadde me drive eit meir miljøvennleg fiske kunne me teke på land langt langt meir fisk.
I ei svolten verd er det om å gjera å forvalta ressursane mest mogeleg berekraftig. Og her er det snakk om kollosale ressursar, som har den største betydning for vår eksistens. Trålfiske må fasast ut. Det er som sagt både dyrt og særdeles lite miljøvennleg. Sjarken må bli flaggskipet i norsk fiskeri.
Det store problemet i norske fiskerier i dag, problemet som overskyggar alle andre problem er: KJØP OG SAL AV FISKEKVOTAR. Dette har kome illegalt inn i norsk fiskeripolitikk, og har teke styringa med heile systemet. Dette må avviklast. Staten må innløysa kvotane, ta tilbake styringa med fiskeressursane og låna kvotane ut gratis, Betre kan det ikkje gjerast for eigarane, som er det norske folk. Alle andre fiskeriforordningar blir mot dette, som fikting for galleriet.
Eg minner om at den desidert største kriminaliteten i fiskeria er ranet som innførte kjøp og sal av fiskekvotar, – mens fiskeriministeren proklamerar at nå skal det verkeleg satsast for å stansa omfattande fiskerikriminalitet. Kvar minste sjark skal overvakast og kunna sporast natt og dag, søndag og måndag, når dei går ut, kvar dei er, kva dei fangar, kvar dei leverar og kva utstyr dei har.
Som den mest overvaka person i dette land. Vil nok den siste frie småfiskaren/fiskarbonden snart vera jaga i land, og fisken samla i romslege kvotar på få hender. Kystkulturen vil vera utradert. Kva er det då som bind fiskaren utan fisk til buplassen ved kysten.
Ingen har som Finnmark fått betala for denne ulykksalige politikken. Trålkonsesjonane er forlengst selde sørover, fiskevær nedlagde og avfolka. Store havgåande fiskebåtar driv mange plasser fiske like opp i fjæresteinane i områda til kystfiskarane. Og i Repparfjorden skal dei fylla opp med gruveavfall.
Folket i Finnmark hadde fortent betre.
Knut Vadla
Fiskarbonde, lærar og blåskjeldyrkar