Rikard Johnsen dødde 12.11. i år. Etter ein stor operasjon sist vinter blei han frisk og fekk ein ny sesong som fiskar på havet utafor fødebyen Vardø, før kreften tok han att i haust. Han hadde fortent så mange fleire sesongar i sjarka. Saknet er stort, varme tankar til familiane.
Rikard var energi. Me møttest på kjemikalitankaren «Essi Flora», der han var sikkerhetmatros. Han småsprang meir enn han gjekk, «Full Ahead», ned leideren i eit langt byks og opp i to, ytte 150 % på vakt og på frivakt, med skipshandverk som han var så flink i, organiserte turneringar, han var ein meister i dart. Han henta filmar på Velferden og andre båtar. Låg det ein norsk båt i ei hamn me ankom, var han ombord til dei omtrent før gangvegen klaska i kaien. Ein skipper var så syndig å gi han refs for dette ein gong, til mannskapets store mishag. Dei laga ein feit messingmedalje med lang lenke, Hedersmannsmedaljen, tildel Rikard ein gylden grillkveld i sjøen – av skipperen.
Rikard var arbeidsjern, skipsvelferd og – ablegøyer. Hadde du vask til tørk, sokkar eller bukser, kunne du få problem når du skulle trø i dei etterpå. «Nokon» hadde sydd opningane umerkeleg att. Han sydde kostymer til linjedåp når me kryssa ekvator, laga stjernekikkert til Astronomen av svære messinghovud frå to brannslangar og knytte parykkar til Kong Neptun og ternene hans, til bruk både på Top deck og Lower deck, og spelte sjølv prinsesse med stor innleving. Minna er mange – hos me som fekk seile med han, til føredøme og fornya livsglede.
På Landsvik på Holsnøy skapte han og engelske Gillian a cosy country home, og blei raskt ein del av bygda. Han fekk seg fort ein båt, ein gamal oselvar, fiska og segla – og kollsegla, Full Ahead. På skrevs over båtkvelven sat han og rulla seg ein Petterøes. Ein båt kom bortom: «Trenger du hjelp?» «Om æ treng hjælp! Har du fyr?»
Rikard var eventyr og tusenkunstnar, for eigne barn og barnebarn, og andres, med spikking og spøk, mekking og moro, friluftsliv og fantestrekar, og ein frodig forteljarfantasi som utvida røyndommen i saftig nordnorsk språkglede. Dei skulle fått hatt han til han var 100…
Å hjelpe til i barnehage og skule likte han godt, med knutar og klatretau, og – ablegøyer. Ein gong skulle han vere nisse på ein barnehage utpå øya, sjølvsagt ein sjørøvar inspirert nisse. Han knytte opp eine foten bak med tau over skuldra og festa ein trefot på kneet. I full nissemundur tok han bussen utover, han løyste neppe billett. Seinare år putra trefotnissen utover på tohjulstraktor.
Eg veit ikkje kva hav han ikkje har kryssa. Antarktis, Falklandsøyane og Bountyøya Pitcairn blei kjente stader for han. Dei siste 20 åra seilte han for CG Rieber Shipping, auka sin kompetanse, fekk meir ansvar, og var høgt verdsett for sitt arbeid og sin lojalitet, sin skipskunst og som miljøskapar.
Rikard var ein utømmelege tank av verketrong. Før siste reis fekk han nokre få gode fiskesesongar der han mønstra på i verda, og delte rundt seg som alltid. «Æ må jo hjelpe til» – naboar, vener og andre. Det låg for han å søke utover mot dei rundt seg. Og bak banka eit stort, varmt hjarte. Takk Rikard. Fred – og framleis glede med ditt minne.
Leif Johnsen, med Anne og familie.