I samband med alt som kjem ut frå UiT om nordområde-politikken, vil eg nemne nokre av dei mest synlege tinga som ligg klårt i dagen for oss alle i nord. UiT har nemnd seg sjølv som det arktiske universitetet i nord, men det er berre ein by som ligg innafor det arktiske området i nord, og det er Vardø. Men Vardø har og ei anna viktig plassering i nord: Byen er og inngangsporten til Barentshavet, dette havområdet som femner om truleg dei rikaste ressursane i verda.
Fiskeressrsane har vore kjent heilt frå boka Spekulum Boreale (Nordhavets Speil) nemnde dei frå sist på 1600-talet. Havet omkring Kiberg er spesielt nemnd. No veit vi at desse ressursane vil kome til å auke i mengd etter kvart som havet vert oppvarma i sør.
Vi har alt fått mange nye fiskeartar i Varangerfjorden. Og lodda skal alltid vere mat for fiskeartane, ikkje kortvarig oppfylling av lommeboka til pengegriske sjarlatanar. Eg vil no slå til lyd for dei enorme rikdommane som ligg like utafor døra til vardøfolket. For Vardø er no byen i nord som har dei beste høve til utvikling og vekst. Våre styresmakter må gjerast merksame på korleis nordområde-politikken kan starte frå nord, korleis og korfor dei store investeringane best kan betale seg ved å ruste opp Vardø i særleg grad.
Alle her nord kan sjå korleis potensialet ligg rett utafor stuedøra på mange måtar: Vi har 4 store og moderne fiskehamnar, tunnelsamband med fastlandet, umåteleg store byggjeareal, god flyplass som lett kan utvidast til storflyplass, topp tilgang på ferskvatn. I tillegg kjem Kiberg og Innerkiberg 1 mil borte, med topp utvikla samfunnsgode for minst 1000 menneske. Og Hamningberg er jo berre eit par- tre mil borte.
Er det så vanskeleg å sjå at tida no er moden for verkeleg utvikling av desse områda? Vi har då kjennskap til den same utviklinga som skjedde her frå om lag år 1500. Då vart Vardø og Kiberg utvikla til dei største fiskeværa i nord, og mange av småplassane følgde etter: Makkaur, Syltefjord, Syltevika, Persfjord, Smelror! Og det var nettopp dei korte avstandane til fiskefelta som drog folkesetnaden til seg. Makkaur hadde eiga kyrkje, det hadde Kiberg og!
Av Oddvar Støme