Østhavet
3 minutter lesetid

Til Miljøavdelinga v/Finnmark og Troms Fylke:

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Lomvi-alarm på Hornøya. Vardø, 4. oktober 2020

Saken fortsetter etter annonsen

Kring 1848 vart dei siste observasjonane av geirfugl gjort på Grønland og kring Vardø. Geirfuglen vart som kjent utrydda. Historia er i ferd med å gjenta seg. No i 2020 slår Vardø alarm for lomvien. Men Miljø-direktoratet har visst ikkje oppfatta samanhengen.

Norge har deltatt i overvåking av bestandar av sjøfugl etter internasjonale metodar (Seapop m.m.) i over 30 år. Det er visst nedgang for mange artar. (Men statistikken er for fagfolk.) Klimaendringar, rovfugl og næring (olje) m.m. påvirkar levemåten for sjøfugl, – alt etter dei spesifikke krav som kvar enkelt art har. Lomvien er ein alkefugl som hekker opent på berghyller og er sårbar for ørn, ravn og kråke. Siste 2 årshekking har omtrent ikkje gitt overlevande rekruttering av lomvi på Hornøya!

Havørna var ut-ryddings-trua for 50 år sidan, – den vart freda i 1968 og bestanden har tatt seg kraftig opp. For Hornøya sitt vedkomande har havørna pluss ravn og kråke gått i kompaniskap for store innhogg i bestanden av lomvi. Dette strategien kan effektivt reduserast ved aktivt oppsyn/betalande besøk på Hornøya. Vardø kommune har i lengre tid signalisert ei sørgeleg utvikling av fuglane på Hornøya.

Desverre er Miljødirektoratet si oppskrift for fuglefjellet på Hornøya «redusert ferdsel». Og trass i rapportar frå Vardø om ørna sitt samspel med kråke og ravn om å ta lomviane, ser det ut til at lomvien no skal ofrast for ein fugl som for lengst er ute av Rødlista! Det er rystande at Miljø-direktoratet ikkje vil forvalte havørn-bestanden fordi den framleis «er freda» etter 52 år! Fylkesmannen sine «begrensede muligheter » er ei byråkratisk sovepute!

Status for 2015: Lomvi er vurdert til kategorien «kritisk truet» på Norsk Rødliste. Fylkesmannen må vakne no!

Thor Warberg (Hornøy-entusiast og Vardø-venn)