Frå Kiberg yttrast i Varangerfjorden rømde mange titals familiar over til Russland i september-oktober 1940. Fiskebåtane som gjekk over til Fiskarhalvøya på Kola, hadde med seg heile familiar, med både smått og stort.
Då Russland kom i krig med Tyskland den 22. juni 1941, melde mannfolka seg til teneste i Den raude arme, medan kvinnene og ungane vart sendt til Tsjadrinsk bakom Ural.
Her skal eg nemne litt om livet til dei norske ungane i Tjadrinsk. Famliane fekk arbeide på ein fruktfarm der, og i tillegg skaffa dei seg ei ku til livberging. Og ungane måtte på russisk folkeskule. Dei lærte seg snart flytande russisk, og dei største jentene var alt eitt år seinare flinke nok til å melde seg som tolkar ved radioen i Murmansk.
Dei vi kjenner best til her, er Borgny Schancke Eriksen, Oddny Johnsen, begge Kiberg og Dagny Sneve Sibblund, Jakobsnes. Desse jentene var oppvakte og flinke på skulen alt heime i Noreg. Og dei gjorde eit fantastisk arbeid som radiotolkar i Murmansk. Eit døme er då Skjerstad tok ut frå Trondheim med mange hundre arresterte norske lærarar om bord for destinasjon Kirkenes. Då tikka bodskapen frå norske partisanpostar inn til Murmansk om det einslege skipet på tur nordover med sin dyrebare last. Jentene sette over til ubåtane om at dette skipet måtte sparast, og Skjerstad kom velberga fram til Kirkenes utan eit einaste åtak.
Det nervepirrande livet skaka ofte opp tilværelsen for jentene, fedre på oppdrag i Noreg, husbond og kjærestar som mista livet underkrigshandlingar. Men desse jentene let seg ikkje knekke. Dei vart berre no meir standhaftige. Og til slutt, då Dagny Sneve Sibblund mista mannen sin å oppdrag i Noreg, melde ho seg til opplæring som fallskjermhoppar. Saman med faren til Borgny, Trygve Eriksen, hoppa ho ut over Vadsø i dagane rundt 26. oktober 1944. Etter farefull ferd frå tyskarane kom ho saman med Trygve ned til Vadsø som den første kvinnelege norske fallskjermhoppar, og dei to første norske soldatar på norsk grunn til eit fritt Noreg.
Ei anna av desse unge jentene frå Kiberg var for ung til å melde seg til teneste, men ho utmerka seg på mange andre måtar. Det var Åse Utne. Russarane merka seg denne 14-15 år gamle jenta som var så god skilaupar. Etter kvart vart ho representasjons-lauparen for skulen sin i Tsjaidrinsk, og vart sendt rundt til mange store skistemne i området. Og ho vant dei fleste av dei. Det typiske for desse flinke jentene var at dei aldri gløymde russisken, og Åse Utne arbeidde fast i alle år som tolk på den russiske ambassaden i Oslo. I denne samanhengen kan eg nemne at av alle vi frå Austfinnmark som reiste til Sverige i september 1945, og kom att etter eitt år, vi alle gløymde svensken så fort.
Av Oddvar Støme