Tvangsevakuert til Telemark (del 1 av 3): Tidsvitnet Trygg Øien si dramatiske ferd frå Finnmark til Bamble


9. november 2019 markerte Vardø museum arkivdagen 2019. Trygg Øien tok denne kvelden ei fullsett forsamling med på tvangsevakueringa frå Finnmark, som han og deler av familien hans vart tvungne til av den tyske okkupasjonsmakta, hausten og vinteren 1944. Han fortalde om den dramatiske ferda sørover som endte i Langesund, der dei fekk bu hos familien Ørvik på Fagerheim gård i Bamble. Bamble historielag var ein av dei mange hjelpsame bidragsytarane til arrangementet og hjalp oss mellom anna med å finne fram til Fagerheim gård og familien Ørvik, som Øien-familien budde hos den tida dei var i Telemark. Vi ønskjer her å dele Trygg sin evakueringshistorie med utgangspunkt i hans fortelling på arkivdagen og i dei førebuande samtalene til arrangementet.
Av Inger Lene Nyttingnes, prosjektleiar for Varangerarkiver, Varanger museum IKS (Artikkelen er delt i tre for publisering i Østhavet)
Tidsvitnet Trygg Øien gjev oss ei heilt unik innsikt inn i den brutale verkelegheita som 2. verdskrig brakte med seg til Finnmark. 60 000 menneskje frå Finnmark og Nord-Troms vart evakuerte ved tvang sørover i landet, medan den brente jords taktikk vart sett i verk av den tyske okkupasjonsmakta.
Trygg Øien vart fødd i Vardø i Aust-Finnmark i desember 1931, og var berre 8 år gamal då 2. verdskrig braut ut. Kring åtte månader, i den siste fasa av krigen, budde han i bryggerhuset til familien Ørvik på Fagerheim gård i Bamble ved Langesund, saman med mor si Olga, far sin Peder og den fire år eldre broren, Thorbjørn.

Stalin sine soldatar kjem over grensa
25. oktober 1944. Sovjetrussiske allierte soldatar frå Den Røde Armé går over grensa ved Bjørnevatn, frigjer Sør-Varanger og tvingar dei nazistiske styrkane til retrett. Kirkenes var den nest mest bomba byen i Europa under krigen, med 328 bombeangrep og over 1000 flyalarmar gjennom krigsåra. Dette var ei følgje av at byen låg tett inntil Litsafronten nær Murmansk, der Hitler sitt forsøk på å invadere Sovjetunionen brått hadde blitt stogga opp i juli 1941. Sidan då hadde krigføringa føregått i stillstand i dette frontområdet. Tyskarane si forsyningsbase med militært utstyr låg i Kirkenes, og då Stalin sine styrkar på austfronten gjekk til frontalangrep mot dei tyske stillingane 7. oktober 1944 låg Kirkenes naturleg for tur. Etter kring fire timar med harde gatekampar i byen den 25. oktober, måtte den tyske garnisonen på over 5000 soldatar sjå seg tapt. 3000 sivile nordmenn hadde gøymt seg i tunnellar i gruvene ved Bjørnevatn i denne siste fasa av konflikta og kunne no endelig komme ut i fridomen. Men byen var ein ruin. Kun 28 hus stod att i den sønderbomba og nedbrende byen.
Tre dager seinere gav Adolf Hitler ordre om tilbaketrekking til Lyngen-området og om totaløydelegging av dei tilbakelagte områda. Ved hjelp av den brente jords taktikk skulle ingen ressursar som kunne gje støtte til dei sovjetiske soldatene stå att etter dei, – dette inkluderte også menneskje. Hitler si beordning om tvangsevakuering blei avslutta med følgjande ord: «Medlidenhet med befolkningen er ikke på sin plass.» 200 000 tyske soldatar hadde sidan 1941 vore utplassert i Finnmark, og som følgje av det sovjetiske angrepet vart tvangsevakueringa no iverksett av den tyske okkupasjonsmakta.

Vardø i krig
Vardø ligg plassert ved Varangerfjorden sin munning ut mot Barentshavet. Då tvangsevakueringa vart beordra i slutten av oktober var det ikkje fleire enn kring 160 av vanlegvis 3500 innbyggjarar att på øya. Vardø var hardt råka av bombing frå dei allierte sovjetiske styrkane, der om lag 75 bombetokt var gjennomført sidan tyskarane kom i 1941. Bombeangrepet 1. mars 1942 krevde 19 menneskjeliv då sjukehuset vart råka, med den følgje at det vart sett i brann. Hendinga står att i byhistorien som det avisa «Finnmarken» gav tittelen «Redselsnatten i Vardø». 2000 tyske soldatar var stasjonert på øya, der fluktmulegheitene knapt fantes og flyalarmane kunne gå inntil 18 gonger i døgnet. Dei tyske soldatane haldt til i kring 15 rekvirerte bygg i tillegg til dei rom i private hus dei fann det for godt å t seg inn i. Vardøværingane var difor i kvardagen tvungne til å leve svært tett innpå okkupantane.
Trygg var son av artillerist på Vardøhus festning, Peder Øien og mora Olga Øien, og var yngst i en søskenflokk på seks. Då krigen braut ut budde han i lag med med familien sin i eit av bygga som låg inne på området til Vardøhus festning, men dei måtte snart flytte ut derfrå og fekk då husrom i eit av festningen sine nabohus. Dei var likevel tett knytte til festningsområdet. Peder leigde mellom anna festningsjordet for beite til husdyra sine og til hausting av høy for desse. Kvardagen var sterkt prega av å måtte verne seg mot dei farene som krigen brakte med seg i det urolege området. Forbi Vardø gjekk det dagleg tyske konvoiar som skulle til Kirkenes med forsyningsmateriell og dette var ei av årsakene til at Vardø var eit hardt råka bombemål. Skulekvardagen til Trygg bestod i stor grad av å sitte i bomberommet når flyalarmen gjekk, ifølgje Trygg sat dei faktisk i bomberommet like mykje som den tida dei fekk brukt til å gjere skulearbeid. Heile sju gonger måtte dei bytte skulelokale på grunn av krigsherjingane. Heller ikkje om nettene kjende dei seg trygge. Trygg hadde streng ordre frå foreldra om å ikkje kle av seg om natta, for dersom flyalarmen gjekk, så var der inga tid å miste. Dei kunne ikkje springe til eit bomberom om natta, men dei hadde klåre instruksar om å legge seg inntil veggane og sikre seg mot splintar. Kvardagen brakte med seg store doser av nervøsitet og frykt.
Tyskarane gjennomførte også jamlege husransakingar, ikkje minst i jakta på motstandsfolk som dei visste gøymde seg på loft og i kjellarar hos hjelperane sine. Beliggande geografisk langt nord var det naturleg for dei som dreiv motstandsarbeid å bistå med informasjon til dei sovjetiske styresmaktene om tyskarane sine rørsler og konvoiane som passerte området. På stolpar ute i gatene var det hengt opp plakatar, raude med svart skrift, med tydeleg beskjed om kva som venta dei som drev motstandsarbeid, eller om ein hjalp dei som gjorde det. Ei liste over navn på dødsdømte og drepte var beskjed tydeleg nok.
23. august 1944 opplevde byen det som i ettertida har blitt kalt for storbombinga av Vardø. Denne ettermiddagen blei inngangen til det siste døgnet Trygg opphaldt seg i Vardø før han kunne vende heim i august 1945. Eit telegram til Politipresidenten dagen etter storbombinga vitnar om marerittet lokalbefolkninga gjekk gjennom denne ettermiddagen:
«24/8. 1944. Politipresidenten. Kirkenes. Flyalarm kl. 16.50 stopp 50 fly i flere bølger fra øst. Ikke konstatert antall bomber stopp 144 hus helt nedbrent. For øvrig stor skade over hele byen stopp hittil konstatert 4 m døde 11 sårede, hvorav 1 dødelig. Tvangsevakuering igangsatt ifølge ordre fra tyske myndigheter i Vardø foreløpig Smelror stopp ingen biler for videre evakuering stopp mat og hussituasjonen kritisk. I Politimesterens fravær, Brustad.»

Den første tvangsevakueringa
Ei avgjerd om at kvinner og born skulle bli evakuert frå øya kom dagen etter, i første omgang til Smelror på fastlandet. Her vart dei plassert i ein leir med sovjetiske krigsfangar som naboar. Trygg sin far og syster, Peder og Ingrid på 18 år måtte bli på øya. Det var kvinner og born som skulle prioriterast, men Ingrid hadde det som var rekna som ein kjernefunksjon for tyskarane. Ho fungerte som metereolog ved å observere veret og rapportere om dette til okkupantane. Den andre systera, Eva, som var tre år eldre enn Trygg, var tidlegare sendt til Harstad på AT-leir (Arbeidstjenesten).
Saman med mor si, broren Thorbjørn og eldste syster Maud vart Trygg frakta over til fastlandet. Maud var ein god del eldre enn Trygg, 26 år, gift og hadde sine to små born med seg. Etter om lag ei veke i leiren på Smelror, med elendig fiskerogn som kost og påfølgjande magesjuke, blei dei flytta vidare innover langs Varangerfjorden til Skippagurra ved Tana der dei tilbrakte nokre dagar i en Todt-leir. Etter spørsmål frå tyskarane om dei hadde ein stad dei kunne reise, meinte Olga at det einaste mulege måtte vere på Mårøya hos svogeren hennar og Trygg sin onkel, Hilmar Øien. I retning Mårøya vart dei sendt med lastebil til kysten og deretter bar det vidare til Mårøya med båt.
Mårøya, sør for Kjøllefjord i Vest-Finnmark var staden dei opphaldt seg då Hitler si ordre om tilbaketrekking blei gjeven til dei tyske styrkane. Maud vart ikkje med heilt fram. Då dei var innom Mehamn klarte ho å lure seg med sine to born vekk over fjellet for å kome seg tilbake til Vardø.
Far Peder og syster Ingrid vart tvangsevakuert frå Vardø to månader etter Trygg, mora og broren. 31. oktober blei alle gjenværande sivile i Vardø evakuerte ved at tyskarane samla alle på festningsområdet og tvang dei om bord i ein båt medan dei truga med gevær med påsette bajonettar. Peder hadde nettopp vore i fjøset då tyskarane banka på og bad alle om å samle seg ved festningen under påskot om at dei skulle verne befolkninga mot eit sovjetisk angrep. Det var først då dei kom inn på området dei såg at ein båt stod klar for ombordstigning. Eit tjuetals personar forstod kva som skulle skje og klarte å gøyme seg vekk. Nokre fann gøymestad i bombekjellaren til det nye provisoriske sjukehuset og andre kraup ned i kumlok. Berre tre dager etter denne dagen kom sovjetiske soldatar til øya og frigjorde Vardø.
