4. november 1884 la Vardø Arbeiderforening ned grunnsteinen til sitt nye festivitetslokale og «lod Arbeiderforeningens Byggekomitte i Forening med dens Bestyrelse dette Document nedmure under Indgangen til Salen, nedlagt i en tom Champagneflaske, tilligemed et Eksemplar af hver af de nu gangbare norske Sølv og kobbermynter i en Kobberhylse».
2. verdskrig, i august 1944, vart bygget totalskadd under storbombinga av byen. Ei av dei som evakuerte frå Vardø var Magnhild Bjørgan, barnebarnet til Johan J.Bjørgan. Han var ein av dei to tømmermeisterane som hadde utført arbeidet med å bygge Arbeidernes festivitetslokale. Då ho gjorde seg klar for å evakuere fann ho eit brev som Johan J. hadde skrive til son sin, Magnhild sin far Johan P. Bjørgan i 1889. Her fortel han om hendinga den 4. november 1884 og om den storslåtte feiringa av begivenheiten.
Under gjenreisinga etter krigen fann ein både dokumentet og myntane som var nedmurt i bygget. Tidlegare leiar av Vardøhus Museumsforening, Alf Sverre Olsen, fekk oppgåva med å ta vare på desse. Magnhild Bjørgan gav også i 1975 ein kopi av brevet ho fann i sin far sine etterlatte saker til museet, og uttrykte eit sterkt ønskje om at brevet skulle bli kjent og til glede for byen sine innbyggjarar.
Du kan her lese både det originale dokumentet frå 1884, som låg nedgravd fram til etterkrigstida, og kopi av brevet Johan J. Bjørgan skreiv til sin son, Johan P. Bjørgan, der han fortel om den spesielle hendinga. Det ligg også ved avskrifter av dokumenta.
Kilde: Varanger arkiver