Eit løftebrot på vingane
I luftfartsmeldinga frå 2023 var bodskapen tydeleg: Ingen lufthamner på kortbanenettet skal leggjast ned. Likevel har Oslo Economics, på oppdrag frå Samferdselsdepartementet, sendt på høyring eit forslag som inneber at mellom anna Mosjøen lufthamn kan miste FOT-rutene sine. Rapporten skisserer eit «effektiviseringsalternativ» der rutene til og frå Mosjøen, Stokmarknes, Vardø og Namsos blir tekne ut av FOT-ordninga.
Formelt kan regjeringa hevde at flyplassen står att. I praksis veit alle at dersom FOT-rutene forsvinn, er det første steget mot nedbygging. Ein flyplass utan eit stabilt rutetilbod er ikkje lenger den livsnerva lokalsamfunnet treng. Difor handlar denne saka om langt meir enn flyruter. Ho handlar om framtida til distrikts-Noreg.
For oss som bur på Helgeland er kortbanenettet avgjerande for busetnad, næringsliv, beredskap, helse og demokratisk deltaking. Difor reagerer vi kraftig på at det i det heile tatt blir vurdert å svekkje eit system som har vore ein føresetnad for utviklinga av Nord-Noreg gjennom fleire tiår.
Forslaget byggjer på tanken om at ny flyplass i Mo i Rana og anna infrastruktur skal erstatte delar av dagens rutetilbod. Men dette viser ei manglande forståing av kvifor kortbanenettet vart bygd i utgangspunktet. Nord-Noreg er ikkje Austlandet. Avstandar, vêrforhold og geografi gjer at flyplassane våre er ein del av samfunnsberedskapen, ikkje berre eit transporttilbod.
Det kanskje mest oppsiktsvekkjande med rapporten er at han står i direkte motstrid til ambisjonane i Hurdalsplattforma. Der slo regjeringa fast at ein ville oppretthalde flyplasstrukturen og sikre gode regionale flytilbod i heile landet. No sit vi med eit offentleg bestilt forslag som går ut på det motsette: å fjerne FOT-ruter og svekkje delar av kortbanenettet. Når rutene til og frå Mosjøen blir føreslegne tekne ut av FOT-ordninga, er det vanskeleg å sjå dette som noko anna enn ei gradvis nedbygging av den strukturen regjeringa lova å verne om.
Dersom dette verkeleg er retninga regjeringa ønskjer, må dei vere ærlege om det. Dersom det ikkje er politisk ønskje, må ein spørje korleis departementet har kunna bestille og sende på høyring eit forslag som bryt så openbert med eigne lovnader. Då handlar dette anten om brot med Hurdalsplattforma eller om ei alvorleg svikt i regjeringsapparatet.
Nord-Noreg er heller ikkje eit område som berre kostar pengar. Det er ein landsdel som skaper enorme verdiar for Noreg. Den maritime næringa i Nordland skaper årleg 4,2 milliardar kroner i verdiskaping og sysselset om lag 3 000 menneske. Nordland blir omtalt som ein motor for sjømat og transport i nord.
Og då har vi ikkje ein gong nemnt fiskeri- og havbruksnæringa, som knapt er synleg i rapporten. Frå kysten i Nordland og vidare nordover skaper havnæringane eksportinntekter, arbeidsplassar og skatteinntekter som er avgjerande for heile landet. Vi snakkar om ressursane som gjer Noreg rikare, men som stadig oftare blir møtte med sentraliserande løysingar frå Oslo.
I ei tid der beredskap, sjølvberging, suverenitet og tryggleik står høgt på dagsordenen, burde staten styrkje sambanda i nord, ikkje svekkje dei. Alle er einige om at det må bu folk i nordområda. Men folk blir ikkje buande fordi nokon held festtalar om Nord-Noreg. Dei blir buande fordi det finst arbeidsplassar, tenester og kommunikasjonar som fungerer.
Då spør vi også: Har dei som har skrive denne rapporten eigentleg forstått kva kortbanenettet er? Har dei vore i Nord-Noreg? Forstått avstandane, vêret, beredskapsbehova og den rolla flyplassane spelar for lokalsamfunna? Nokre gonger verkar det som om det blir sett på ekstra tjukke Oslo-briller før ein ser nordover.
Regjeringa må no velje side. Enten står dei ved lovnadene om å bevare kortbanenettet og FOT-rutene, eller så opnar dei døra for ei gradvis sentralisering av Nord-Noreg. Senterpartiet i Vefsn, Grane og Hattfjelldal kjem ikkje til å akseptere at Mosjøen og Helgeland skal ofrast i ei skrivebordsøving frå Oslo Economics.
Nord-Noreg treng mindre Oslo-blikk og meir nordnorsk røyndomsforståing.
For Nord-Noreg er ikkje eit problem som skal effektiviserast. Nord-Noreg er ein del av løysinga for Noreg.
Kine Mosheim-Lysfjord, leiar av Senterkvinnene og varaordførar i Vefsn
Raymond Fagerli, ordførar i Grane
Tor-Erik Labahå, ordførar i Vardø
Niels Henrik Andresen, leiar av Hattfjelldal Senterparti


